Me skal fylle kvar
enkelt ryggsekk
Visjonen vår er å gi kvart barn gode erfaringar, opplevingar og verktøy — slik at dei møter verda med tru på seg sjølv.
«Når me snakkar om robuste barn, meiner me barn som har opplevd meistring, fellesskap og støtte — og som derfor har med seg ein tryggleik i møte med nye utfordringar.»
Me legg vekt på å anerkjenne kjenslene til barna, gi rom for å prøve og feile, og skape eit miljø der dei opplever å vere viktige for fellesskapet. Det er òg viktig at barna får erfaring med å stå i situasjonar som kan kjennast utfordrande. Me vaksne skal vere den trygge hamna dei kan kome tilbake til.
Målet vårt er at barna, når dei forlèt Nausthaugen barnehage, skal bere med seg ein rik ryggsekk — full av minner, opplevingar, verktøy og erfaringar som gjer dei trygge og robuste.
Metodane me brukar
Årsplanen vår er forankra i tre konkrete metodar som me brukar aktivt kvar einaste dag.
Tryggheitssirkelen
Tryggheitssirkelen er eit verktøy for å forstå og møte behova til barna. Den vaksne er den trygge basen barnet utforskar verda frå, og den sikre hamna det kjem tilbake til når det treng trøyst og støtte.
Psykologisk førstehjelp
«Grøne tankar — glade barn» gir barna eit språk for kjenslene sine. Måten barn lærer å forholde seg til kjenslene sine på, legg grunnlaget for korleis dei seinare handterer eigne kjensler. Me brukar dette aktivt i kvardagen.
Barns medverknad
Barna skal ha innverknad på eigen kvardag, tilpassa alder og modning. Å bli høyrt er ikkje det same som å få det som ein vil — det handlar om å reflektere saman med dei vaksne og dei andre barna.
Slik er me
Verdiane våre skal prege handlingane og væremåten vår kvar dag — dei gjenspeglar vaksenrolla.
Nærverande
Me har tid til barna. Me er trygge, tilgjengelege vaksne som undrar oss saman med dei.
Engasjerande
Me oppmuntrar, støttar og legg til rette for meistring. Me gjennomfører planlagde aktivitetar med fagleg tyngde.
Leikande
Me er saman i leiken og brukar oss sjølve. Me skapar glede med humor, latter og delt undring.
Tre små glimt frå kvardagen
Ein trygg start hjå oss
Å begynne i barnehagen er ein stor overgang — både for barn og foreldre. Derfor brukar me god tid på at barnet skal bli trygt og kjent før kvardagen set seg.
Besøk før oppstart
Nye barn får komme på besøk før dei begynner, så dei blir kjende med oss og barnehagen.
Foreldre er med
Dei første dagane er foreldra med, og me utvidar tida gradvis etter kva barnet treng.
God tid til å lande
Me set av om lag ei veke til tilvenning. Behovet er ulikt frå barn til barn.
Tett dialog
Me har ein oppstartsamtale tidleg, og ein foreldresamtale etter nokre veker for å sjå korleis det går.
Frå småbarn til storbarn
Barna blir kjende med den nye avdelinga i god tid før dei byter, saman med vaksne dei kjenner.
Frå barnehage til skule
For dei eldste har me eit tett samarbeid med Vats skule, med besøksdagar og ein god overgang til skulestart.
24 vaksne — éin gjeng
Me er eit samarbeidsvillig team, opptatt av det beste for barna og barnehagen.
Dagleg leder1
Rocketrollå6459 64 770
Marita Bakkedal
Pedagogisk leiar
Sunniva Steinsland
Admin styrar og pedagogisk leiar
Linda Lærdal
Fagarbeider
Ida Karine Veland
Fagarbeider
Pia Flæte
Fagarbeider
Mona Eikeland
Fagarbeider og Ekstra – Assistent
Lykketrollå4902 84 704
Cathrine Skogen
Pedagogisk leiar
Karen Helene Urdal
Fagarbeidar/pedagog på disp
Martyna Storowich
Assistent
Åse Ø. Eikesdal
Assistent
Skogstrollå6481 97 157
Sunniva R. Berge
Pedagogisk leiar
Eirin Apeland
Pedagogisk leiar
Wenche Stokland
Fagarbeidar
Cherry May Eikesdal
Fagarbeidar
Veslemøy Bakkedal
Assistent
Pauline Charlotte Leite
Lærling
Småtrollå4469 68 594
Stina Nordtveit
Pedagogisk leiar
Karoline Ohm
Assistent/pedagog på disp
Anne Bjørg Bakke
Assistent
Stine Therese Nilsen
Assistent
Sjarmtrollå4902 89 502
Liv Henny Gundersen
Pedagogisk leiar
Heidi Nordtveit
Fagarbeider
Trine Nernes
Vernepleiar
Åse Ø. Eikesdal
Assistent
Lurer du på noko?
Ring oss, send ein e-post, eller kom innom. Me er alltid glade for å treffe familiar som vurderer plass hjå oss.